Jostein Bildøy
Eg óg er Bildøy Formidling sitt varemerke og konsept for inkludering.
Dette skjer gjennom:
Jostein Bildøy
Som familiefar for 3 søner, der eldstemann hadde ein utfordrande multihandikap (eller samansett/nedsett funksjonsevne) fekk Jostein Bildøy spørsmål om å fortelje korleis det å var å vere ein funksjonshemma familie». NAV Hjelpemiddelsentralen i Sogn og Fjordane bestilte det førsteinnlegget hausten 2003. Fleire ville ha desse foredraga som vart presentert i novelleform i 2004-2008. I 2009 -2010 var Jostein Bildøy med i ei prosjektgruppe under Livsmeistringssenteret i HelseFørde med oppgåve å dele erfaringar og tankar om sorgprosessen med eit barn for lite, etter tap av eldstesonen i 2007.
I 2009 fekk foretaket J Bildøy JOVISJON prosjektmidler frå Den norske kyrkja for å utvikle kommunikasjons- og undervisningsmateriell knytt til konfirmantundervisning formultifunksjonshemma. Dette resulterte i boka «Eg óg» utgitt på IKO Forlaget AS i 2011. Som mentor for utviklingsarbeidet for lokale trusopplæringsplanar i Den norske kyrkja i perioden 2008-2016 var fokus på inkluderande barne- og ungdomsarbeid uavhengig av funksjonsevne i kyrkjelydane eit av fleire grunnleggande tema. I 2016 er Jostein Bildøy involvert gjennom fleire tillitsverv i FFO ogBjørgvin bispedøme, og frå 2017 i Helse Vest Regionalt Brukarutval, i arbeidet med å løfte fram fokus på både rettar og løysingar for inkludering i kvardagen.
Arbeidet med inkludering er i stadig endring og møter nye og tradisjonelle haldningar i kvar generasjon. Å vere menneske med nedsett funksjonsevne er utfordrandre for mange, sjølv om landet vårt er leiande i dette arbeidet på verdsbasis.
Eg óg
Boka "Eg óg - konfirmantarbeid for multifunksjonshemma" av Jostein Bildøy er eit komplett verktøy for førebuing, gjennomføring og samspel med unge med større nedsette funksjonsvanskar i undervisningsamanheng.
Boka er å få kjøpt på IKO Forlaget AS
Lydboka får du lånt på lydbiblioteket til KABB.no
Ved kurs frå joVisjon er det rabatterte prisar. Kurspakken kjem dit du vil ha kurset gjennomført.
Last ned Trosopplæringsressurser
Bildøy Formidling
Besøksadresse (etter avtale): Storehagen 5, 6800 Førde i Sunnfjord
Postadresse: Postboks 229, 6802 Førde
Tlf. 95191332
Copyright 2022 ved Bildøy Formidling